Styrkar tilbodet innan havvind

Med opninga av Egersund Energy Hub er Sustainable Energy katapultsenter rusta for auka satsing på vindkraft.

Fredag opna Olje- og energiminister Tina Bru nye Egersund Energy Hub på Langholmen i Egersund hamn. Energi- og innovasjonssenteret til Energy Innovation sitt første byggetrinn er på heile 8400 m2. Målet er å skapa det fremste senteret for fagutdanning, høgare utdanning, HMS- og teknisk sertifisering og kompetanseutvikling for drift og vedlikehald innan flytande havvind.

– Egersund Energy Hub blir tilgjengeleg for både små og store bedrifter via Sustainable Energy katapultsenter. Dette betyr at me no har eit endå breiare tilbod å tilby næringslivet, seier Willie Wågen, dagleg leiar i katapultsenteret.

– Egersund Energy Hub er viktig for norsk næringsliv. Behovet for innovasjon kjem til å bli stort innan havvind dei kommande åra. Gjennom Sustainable Energy katapultsenter får små og store bedrifter no ei unik moglegheit til å testa og kvalitetssikra teknologien sin og bevisa at den er god nok. Marknaden for flytande havvind kjem til å veksa enormt framover, seier Olje- og energiminister Tina Bru.

Komplett testsenter for havvind

Hub`en skal vera ein leiande praksis- og samhandlingsarena for utdanning, sertifisering, gründerskap, næringsutvikling, innovasjon, samskaping, forsking og utvikling.

– Marknaden for flytande havvind er i vekst, både nasjonalt og globalt. Norsk leverandørindustri har framleis moglegheita til å sørgja for at ein stor del av teknologien kjem frå Norge. Me kan laga ei nærare heilnorsk leverandørkjede. Den sjansen må me nytta oss av, seier Arvid Nesse, dagleg leiar i Offshore Wind Cluster.

 Gjennom Sustainable Energy katapultsenter har ein no endå betre mogelegheiter for å kvalitetssikra havvind-teknologien før ein tek steget ut i marknaden.

– No kan ein kursa personell i eit realistisk og trygt miljø på land i Egersund. Ein kan også testa teknologi der. Passerer teknologien testane på land, kan ein flytta vidare testing til eit realistisk miljø – på havvindmølla Zefyros i havet utanfor Karmøy. Testtilbodet vårt innan flytande havvind byrjar å bli veldig bra. Dette er ein viktig byggjestein for å sikra at totaltilbodet blir så bra og realistisk som berre mogleg, seier Wågen.

  • Willie Wågen
  • +47 957 53 942
  • Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.